Tiltak i Etna etter flaumsituasjonar – invitasjon til innspel

Bakgrunn
Kommunen inviterer grunneigarar, drivarar og andre interessentar til Etna om å legge fram tiltak, synspunkt eller vurderingar knytta til flaum i Etna. 

I 2023 er som kjend store delar av Etnavassdraget vorte utfordra av dei store vassmassane i flaum- og nedbørsituasjonane i sommar. Spesielt i dei flatare delane av elva er det fylt opp med massar, slik at grunnivået har auka. Dette har skjedd over fleire år, men har auka kraftig på med flaumane i 2023. Tilsvarande har vassmassane vore harde ved flaumvollar fleire stader. Det har ikkje brote gjennom nokon stader enno i Etnedal, men vollar er svekka, og vil tole mindre ved ein kommande flaum. I Nordre Land er flaumvollar øydelagde fleire stader. 

Kommunen er i gang med ein prosess for å finne ut kva som bør gjerast med elva i høve til omsynet til omgjevnadene. Størst er utfordringa i høve til jordbruksareal. Store delar av den beste dyrkamarka i kommunen ligg langs dei flatare delane av elva. Det er av tidlegare generasjonar i fleire føregåande tiår gjort store arbeid med forbygging og grunnsenking. Det akkumulerer seg no eit behov for vedlikehald av dette arbeidet. Utan tiltak er det å pårekne at slike jordbruksareal i aukande grad vil måtte brakkleggast i år med mykje nedbør og flaumsituasjonar.
 

Prosess
Det reiser seg fleire spørsmål rundt dette. Det er sjølvsagt mange omsyn å ta ved eventuelle inngrep i vassdraget, og aktuelle inngrep gjev store kostnader. Inngrep ein stad kan gje uønskja effekter andre stader lenger ned i vassdraget eller gje negative konsekvensar for andre aktuelle naturomsyn. Det vil måtte gjerast vurderingar av interessemotsetnader og ikkje minst finansiering.

Aktuelle tiltak i elva kan mellom anna omhandle masseuttak og styrking av flomvollar. Nokon slike tiltak kan vere aktuelle for sikring mot bustader og vegar eller annan infrastruktur. Dei fleste og mest omfattande tiltaka vil handle om vern av jordbruksareal. Dette er tiltak som ikkje vert omfatta av NVE sine tilskotsordningar, men NVE skal ha melding. I verna vassdrag som Etna vil tiltak kunne vere konsesjonspliktige etter vannressurslova § 12.


For at NVE skal kunne vurdere slike tiltak etter vannressurslova, treng NVE fylgjande:
Tiltakshavarar og kommunen må lage ei oversikt over aktuelle tiltak for kvart vassdrag. 
Kvart tiltak må ha ei skildring av kva som skal gjerast, kva for konsekvensar det har for vassdraget og allmenne interesser i vassdraget, og kva for sikringseffekt det har. Under allmenne interesser inngår naturmangfald, kulturminner, friluftsliv, landskap, flom- og skredfare, verna vassdrag, anadrom fisk, elvemusling mm.
For kvart vassdrag må kommunen og tiltakshavarar vurdere dei samla konsekvensane av alle tiltaka.
Grunneigarar, drivarar, kommunen og andre interessentar må etter dette gå inn i ein samarbeidande prosess for å både få fram kva for tiltak som er aktuelle og konsekvensar av desse. Dette må ende i ei samla prioritering av  kva som er viktigast i dessse problemområda.

Alle innkomne innspel vil kunne inngå i ei samla konsekvensutgreiing for vassdraget. Prosessen vil gå raskast ved høgast mogleg grad av dokumentasjon og planar for innleverte innspel.

Finansiering av både utgreiing og gjennomføring av prosessen er uavklart. Kommunen kan truleg få noko tilskot for kartlegging / vurdering av tilstanden. Tiltak på aktuelle punkt i vassdraget er det pårekneleg at tiltakshavar sjølv må finansiere. Ein del av avklaringane vil måtte handle om i kor stor grad tiltak kan gjennomførast slik at masseuttak kan generere ei verdiskaping og slik auke finansielle høve til gjennomføring.

Oppstart
Denne informasjonen går til alle kjende grunneigarar og drivarar av jordbruksareal på strekninga Øyen i Nord-Etnedal – Eidshaugfossen. Vidare går brevet til aktuelle interesseorganisasjonar og faginstansar, i tillegg til publikasjon på kommunen si heimeside og sosiale media. Nedste delar av Bergs- / Vesle- / Fjellselva vil óg inngå i prosessen.

Det føreligg inga tidfesting av denne prosessen. Det er å pårekne at vi vil måtte bruke 2024 for nødvendige avklaringar og behandlingar. 

Kommunen ynskjer innspel snarast, slik at barmarkssesongen 2024 kan nyttast for kartlegging og planlegging av tiltak.

Frist for innspel: 14. februar 2024
Innspel sendast til postmottak@etnedal.kommune.no

 

 

Rennende vann  - Klikk for stort bildeRennende vann under Lundebrua Gabrielle Becker