Helse i skulen

Etnedal skule arbeider tett og tverrfagleg med andre kommunale tenester for å gje elevane tidleg og rett innsats innanfor helseområdet . Arbeidet er både forebyggande og tilpassa grupper og enkeltelevar ved behov. Her på sida finn du ei kort framstilling av tenestene og faste samarbeidsforum, har du spørsmål vil vi gjerne oppfordre deg om å ta kontakt. 

Skulehelsetenesten
Skulehelsetenesten er eit gratis lavterskeltilbod som følger opp klasser, grupper og enkeltelevar med helsefremmande arbeid. Helsesjukepleiararne våre har eige kontor på skulen og både skulen, foresatte og eleven sjølv kan ta kontakt for bistand.
Meir informasjon om skulehelstetenesten finn du ved å trykke her.

Miljøterapeut
Skulen har miljøterapeut i full stilling som arbeider med elevgrupper og enkeltelevar på alle klassetrinn etter behov. Miljøterapeuten bistår også føresette og tilsette i skulen med veiledning som ein del av eit tverrfagleg tilbod til elevane. 

Kommunepsykolog
Kommunepsykologen er ein del av det tverrfaglege lavterskeltilbodet til barn og unge i kommunen der målet er tidleg og forebyggande innsats. Tenesten er gratis og vert tildelt etter ei tverrfagleg vurdering.  
Meir innformasjon om kommunepsykologens arbeid finn du ved å trykke her. 

Psykisk helsetjeneste
Psykisk helsetjneste i kommunen er eit lavterskeltilbod som gjer gratis tenester til alle innbyggarar uavhengig av alder. Det er ikkje behov for henvising, det er berre å bare ta kontakt direkte. Skolen kan også formidle kontakt om det er ynskjeleg.
Meir informasjon om psykisk helsetjenste finn du ved å trykke her. 

Skulehelseteam
Skulehelsetenesten, miljøterapeut og kommunepsykologen har faste samarbeidsmøter kvar tysdag for å følge opp saker rundt enkeltelevar eller grupper.
Psykisk helsetjeneste deltar ved behov. Her kan også eleven sjølv og/eller foresatte delta om dei ynskjer det. Formålet er å gi tett og koordinert oppfølging til elevar med behov.

Innsatsteam 
Etnedal kommune har eit Innsatsteam for innbyggarar i alder 0 - 18 år.
Teamet har møter ein gong i månaden og hensikten er å drøfte saker der ein elev eller familie har behov for bistand tverrfagleg slik at ein kan avklare hva som vil være hensiktsmessige tiltak og kva for faginstanser som kan bidra i saken. Ved å ta opp saker i Innsatsteamet får vi avklara kva som er rett hjelp og kjem dermed tidlegare i gang med tiltak og eventuell vidare henvisning.
Det er føresette og evt. eleven sjølv avhengig av alder som søker saka inn i Innsatsteamet, skulen eller skulehelsetenesten bistår med å fylle ut nødvendige papir. 

Deltakarar i Innsatsteamet:
Kommunelege, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT), barnevernstjenesten, psykisk helseteneste, miljøterapeut, barnehagestyrar, helsesykepleiarar, kommunepsykolog og rektor. Elevens kontaktlærar vil også delta.