Restaurering av den kanaliserte delen av Etna i Sør-Etnedal

Kanaliseringa gjennom Sør-Etnedal som vart utført i hovudsak på 1950- og delvis 1960-talet gjorde Sør-Etnedal til bygdas beste jordbruksområde. Men samstundes har det hatt negative konsekvensar for vassdraget.

Det er derfor sett på tiltak i vassdraget som kan betre tilstanden. Statsforvaltaren, NVE og Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter er sentrale i arbeidet. Sjå tiltaksplanen frå 2018 her (PDF, 4 MB)
Prosjektet skal omhandle nokon utvalde stader der ein skal sjå på moglegheiten for å tilbakeføre meanderløp, opne opp ein og anna kroksjø og/eller flytte flomforbygningar, og dermed forbetre forholda slik at det gangnar det biologiske mangfaldet utan at det går ut over landbruket.

Restaurering av kanaliserte vassdrag er i tråd med tiltaksprogrammet i regional vassforvaltningsplan. Nedre del av Etna, frå Lundebrue til samløp Dokka er definert som ein «sterkt modifisert vannforekomst». Dette betyr at dei fysiske eigenskapane til vassdraget ikkje kan endrast utan betydeleg negativ verknad på den samfunnsnyttige bruken av vassførekomsten. Å nå miljømåla i Vannforskriften blir av dette ekstra komplisert og må derfor vurderast nøye. Det er ikkje forventa at Etna skal oppnå «god økologisk tilstand», men «godt økologisk potensiale».

Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter (DNV) har utarbeida ein rapport i 2021 med oversikt over aktuelle tiltak, les dei her. (PDF, 19 MB)

Kommunen søkte i samarbeid med DNV og Nordre Land kommune om tilskot til miljøtiltak langs vassdrag og fekk innvilga kr. 500.000,- frå NVE til hydromorfologisk utgreiing av restaureringstiltak i vassdrag. Dette er grunnlagsanalyser som seier noko om gjennomføringa av aktuelle tiltak. Rapporten omfattar ei analyse av den hydrologiske situasjonen og hydrologisk regime basert på data som føreligg hjå NVE, ei skildring og vurdering av elva si hydromorfologiske utvikling over tid ved hjelp av historiske kart, flyfoto og aktuell dokumentasjon, samt ei kort utgreiing om elva si utvikling, morfologiske type og anteke effekt av tiltaka. Restaureringsprosjektet er ein dynamisk prosess der tiltaksforslaga stadig blir endra og tilpassa ettersom kunnskapsgrunnlaget aukar. Restaureringa vil vere eit «prøve seg sakte fram»-prosjekt slik at ein ikkje påverkar vassdraget og flomsikkerheiten negativt. Prosessen må derfor vere langsom og langsiktig, med tiltaksgjennomføring steg for steg for å sjå effekten. Det er få liknande prosjekt nasjonalt, Etna blir derfor eit regionalt og nasjonalt referanse- og forskningsprosjekt for større restaureringstiltak i norsk jordbrukslandskap med flytting av flomvollar og attopning av meanderløp.

Fullstending rapport for hydromorfologiske undersøkingar kan du lesa her. (PDF, 15 MB)

I 2021 søkte kommunen, i samarbeid med DNV, om tilskot til ei rekke tiltak i Etna:

  1. Hydraulisk modellering av Etna (PDF, 19 MB)
  2. Restaurering av Øystogotjedn (PDF, 8 MB)
  3. Restaurering av flommarksmiljø ved Lundby (PDF, 3 MB)
  4. Utlegging av stein i Etna – utbetring av fiskehabitat (PDF, 19 MB)
  5. Flytting av flomvoll mellom Lundebrue og Røsteenge

Samla kostnad for gjennomføring av desse fem prosjekta er kr. 2.258.000,- og NVE ga tilsagn om tilskot til samtlege tiltak med samla ramme på kr. 1.686.400,- !

I 2022 er fire av prosjekta gjennomført, det siste er påstarta og blir fullført ila. 2023.

Rapport frå dei fullførte tiltaka kan du lese ved å klikke på tiltaket. 

Kontaktinfo

Kari-Elin Saglien
Konsulent
E-post
Mobil 94 83 52 63